27. november 2011

Vurdering

Me har hatt to forelesingar om vurdering i norskfaget. Utanom eigen refleksjon i studietida no, var min kjennskap på dette området, før desse øktene, dei erfaringane eg gjorde meg som elev då eg gjekk på skulen. Det kjennes som hundre år sidan eg fekk min fyrste karakter, så minna og tankane rundt det skal eg ikkje prøve å sy saman no, men eg kan seie at eg ser annleis på denne problematikken no som lærarstudent enn det eg gjorde då eg var elev. Eg vil påstå at det er ein stor forskjell på å være i den givande og den mottekne enden av denne kabalen. Eg lurer på korleis eg som lærar skal få den til å gå opp.

I opplæringslova står det at alle elevar i den norske skulen har krav på å bli vurdert (lovdata.no forskrift til opplæringslova). I følgje kunnskapsløftet er hovudhensikta med vurderinga at ho skal fremje læring. All vurdering som skjer skal være kjend for elevane, ho skal skje systematisk og undervegs i utdanningsperioden (udir.no Kunnskapsløftet og vurdering).
For meg verker vurdering, og vertfall rettmessig vurdering, ut som ein nærmast umogleg oppgåve. Lærarkvardagen er hektisk og læraren har mange oppgåver i tillegg til å undervise og henge fingrane i. Ein skal planleggje undervisning, skrive vekeplaner, delta i møter, gå inspeksjonar, rette prøvar, helde kontakt med heimen til elevane, planleggje og ha konferansetimar og rette prøvar. Og sikkert meir enn det eg har nemnt her. I tillegg til alle dei tinga en har nemnt her skal læraren også ha oversikt over kor kvar elev ligg i forhold til kompetansemåla i læreplanen. Korleis gjer han det? Og korleis legg læraren til rette for at vurderinga fremjar læring? At elevane alltid har noko å arbeide mot for å bli betre?

Etter forelesingane blei eg veldig nysgjerrig på korleis vurdering blir praktisert i skulen. Eg bestemde meg for at eg skulle sjå nærmare på dette dei tre vekene eg skulle ha praksis i ungdomsskulen.
Eg følgde to norskklassar i praksisperioden min. Den eine kassen skulle skrive eit lesarinnlegg i løpet av desse vekene som dei skulle få vurdering frå læraren på. Når ho gav elevane oppgåva om lesarinnlegget hadde ho også laga eit skjema med vurderingskriterier. Skjemaet var delt inn i tre kolloner. Kvar kollonne representerte karakterane. Første kolonne var 1-2, andre kolonne 3-4 og siste kolonne var karakterane 5-6. Innanfor dei ulike kollonnene sto ulike kriterier elevane måtte ha for å få dei ulike karakterane. Når læraren valde og gje elevane dette skjemaet då ho gav dei oppgåva, fekk elevane vite kva dei måtte gjere for å få dei ulike karakterane. Dei ble og klar over kva læraren kom til å vurdere lesarinnlegget deira ut i frå. På denne måten følgde læraren kunnskapsløftet, som seier at elevane til ein kvar tid skal vite kva dei blir vurdert ut i frå. I tillegg gjorde dette skjemaet det lettare for læraren å rette lesarinnlegga. Ho kunne berre gule ut dei kriteria elevane oppfylte og summere dei når ho var ferdig. Den kolonnen som hadde flest gule punkter indikerte kva karakter eleven skulle få.

Eg tenkjer at denne måten å arbeide på er veldig nyttig. Det blir klart for elevane kva som er vurderingskriteriene, og det gjer det lettare for læraren å rette og å gje tilbakemelding til elevane. Eg tenkjer at det blir vanskeleg og ikkje rekne med innsatsen elevane legg i skulearbeidet sitt når eg skal sette karakterar. Viss ein elev har arbeida veldig mykje, men likevel ikkje får høgare karakter, trur eg det er vanskeleg å ignorere det. Men sidan ein ikkje har lov til å rekne med innsatsen som gjeres, tenkjer eg ein må utarbeide metodar som gjer rettinga meir systematisk. Det trur eg eit slikt skjema som eg såg i praksisperioden er, og eg kommer til å prøve å nytte meg av det sjølv når eg byrjar mitt virke som lærar.

I den andre klassen eg følgde skulle dei lage, gjennomføre og presentere ein undersøking for klassen. Her må eg innrømme at eg var veldig spent. Vurdering av munnleg aktivitet og framføring er det eg tenkjer er det absolutt vanskeligaste innanfor vurdering. Grunnen til det, er blant anna at det er så mange andre ting enn det faglege, som speler inn på utfallet.  Her kommer eg ikkje unna å mimra litt frå mi eige tid i skulen. Eg hata framføringar. Eg sev nesten ingenting natta før eg skulle ha framføring, og om morgonen kasta eg opp. Eg kaldsveita og fekk vondt i hovudet. Eg tenkte på alle moglegheiter eg hadde for å sleppe unna. Det var sjølvsagt ingen. Var du sjuk, måtte du gjere det då du vart frisk igjen. Eg kunne ikkje slutte, eg kunne ikkje berre forsvinne. Eg har alltid vært veldig pliktoppfyllande, så sjølvsagt gjorde eg det. Eg framførte. Alltid. Men det var med tørr, panikkfylt stemme, pusteproblem og svimmelheit. Og migrene etterpå. Alltid migrene. Det merkelige er at lærarane mine aldri snakka med meg om det. Eg trur kanskje ikkje dei tora. Eg gjorde jo alltid som eg skulle, men dei kan umogleg ikkje ha sett at eg var nervøs. Merkeleg. (Eg jekk heller aldri og fortalde det til læraren, det var ikkje eit alternativ. Eg var, og er, ein stolt og sta steinbukk. Eg skulle ikkje være verre enn dei andre i klassen. Sjølv om eg hata det.) Og øving gjer meister er det noko som heiter… J

Uansett. Elevane i denne klassen fekk også utlevert eit vurderingsskjema saman med oppgåva. Dette var satt opp på same måte som i den andre klassen, men kriteriene var noko annleis. Her var det, i tillegg til innhald og svar på oppgåva, kriterier som gjekk på tonefall, kor fort dei snakka, om dei var bunden av manus med meir. Altså kriterier ut i frå korleis dei framførte. Uheldigvis ble framføringa i denne klassen flytta til ein annan dato, så eg fekk ikkje sett korleis læraren vurdera dei. Sjølv om eg jekk glipp av det, var det uansett nyttig å sjå korleis ho utarbeida og tenkte når ho skulle gje elevane vurderingskriteriene. Også håpar eg at læraren hadde arbeida mykje med å etablere gode og trygge rammer for munnleg deltaking i klassen, slik at ingen av elevane følte det slik som eg gjorde rundt det då eg jekk på skulen.     
Desse to tilfella var det eg fekk oppleve omkring vurdering i denne omgang. Men eg skal tilbake til same skule over nyttår og tenkjer å ta opp tråden igjen då. Eg vil vite meir korleis vurdering blir praktisert i skulen. Til døme lurer eg på korleis ein bruker karakterar når ein skal vurdere undervegs. Eg tenkjer at ein lærar må være bevisst korleis han bruker karakterar. Ein karakter er berre ein karakter. Eit tal som plasserer eleven på ein skala. Blir karakterar brukt utan ein kommentar til oppgåva eller framføringa, er han lite hensiktsmessig. For at elevane skal kunne ha noko konkret å arbeide med for å bli betre, må ein gje ein kommentar til oppgåva, i tillegg til karakteren. I tillegg må ein huske på at karakterar kan være skumle og destruktive.   

Eg hugsar det. Adrenalinet steig idet læraren sirkulerte rundt i klasserommet for å dele ut prøvane. Då han la prøven på pulten min skynde eg meg å snu han opp ned. Eg ville ikkje at dei andre i klassen skulle sjå kva karakter eg hadde fått. Tenk om eg hadde stryki? (Det skjedde aldri ettersom eg var flink på skulen, men eg likte ikkje at dei andre skulle sjå og så dømme meg ut i frå kva karakter eg fekk.) Ofte var det slik at dei flinke elevane fekk negative kommentarar for at dei var for flinke, dei mindre skuleflinke fekk negative kommentarar for at dei ikkje var flinke nok. Det er ikkje bra for sjølvbilete. Høyrer ein ting nok gonger, kan ein byrja å tru på det.


 Kjelder:

lovdata.no forskrift til opplæringslova henta 7.11.2011fra: http://www.lovdata.no/for/sf/kd/td-20060623-0724-005.html#3-1

udir.no kunnskapsløftet og vurdering henta 7.11.2011 frå: http://www.udir.no/Lareplaner/Veiledninger-til-LK06/Naturfag/Naturfag/Artikler-niva-1/Kunnskapsloftet-og-vurdering/

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar